h

Meir optikk, takk!

NAV Hjelpemiddelsentral i Vestfold har sidan 2015 jobba for å betre tenestetilbodet til brukarar med nedsett synsevne. Kurs for private optikarar er eit av tiltaka.


«Brukers ve og vel» er tittelen på eit av prosjekta i Vestfold, som ein del av arbeidet for å betre tenestetilbodet. Målet er at personar med nedsett syn skal få ei betre forståing av eigen synsfunksjon og få vite om sine moglegheiter på eit tidleg tidspunkt.

Auka kompetanse

Optikarar frå 23 forretningar i Vestfold og synskontaktane i kommunen, har dei siste to åra deltatt på fleire kurs og møter med NAV Hjelpemiddelsentral Vestfold. Møta har danna grunnlaget for ein samarbeidsarena for aktørar rundt personar med nedsett syn. Gjennom prosjektet har optikarar fått auka kompetanse på rutinar, rettar og spesialtilpassing av hjelpemiddel lesebriller med høg styrke og filterbriller.

Hege A. Teige ved Hjelpemiddelsentralen i Vestfold, fortel at prosjektet har resultert i at brukaren får hjelp hjå rett instans, og at dei har rett brillekorreksjon før dei blir vist til Hjelpemiddelsentralen. Éin gong i året møtest synskontaktar i kommunen, lokale optikarar og NAV hjelpemiddelsentral til dialog for å utvikle samarbeidet.

– Samarbeidet fører til ein raskare og betre saksgang hjå oss. Vi får ei betre og mykje meir effektiv hjelpemiddelformidling til brukaren sitt beste, seier Teige.

Ved å oppsøke sin lokale optikar vil personar med nedsett syn få hjelp i form av riktige briller, sterke lesebriller, tilpassing av filterbriller og eventuelt enkle luper tilpassa sitt behov.
Har brukaren ytterligare behov kan optikar vise til hjelpemiddelsentralen via synskontakten i kommunen. //


FacebookTwitterLinkedInEmail