KASTAR ORD I SØPLA: Over 20 kontor med 500 tilsette har vore på språkverkstad i NAV Vestland. Ein språkverkstad fylkeskontoret hadde i juni ble avslutta med at alle medarbeidarane måtte kaste et "NAVsk" ord dei ikkje ønskjer å bruka lenger. Kommunikasjonsrådgjevar Birgitte B. Lygre held søppelbilen, og Bodil Mydland (i midten) og Marianne C. Bjørkly  kastar kvart sitt ord. På arket bak står nokon av orda som gjekk med i dragsuget denne dagen.
KASTAR ORD I SØPLA: Over 20 kontor med 500 tilsette har vore på språkverkstad i NAV Vestland. Ein språkverkstad fylkeskontoret hadde i juni ble avslutta med at alle medarbeidarane måtte kaste et "NAVsk" ord dei ikkje ønskjer å bruka lenger. Kommunikasjonsrådgjevar Birgitte B. Lygre held søppelbilen, og Bodil Mydland (i midten) og Marianne C. Bjørkly kastar kvart sitt ord. På arket bak står nokon av orda som gjekk med i dragsuget denne dagen.

NAV Vestland er smitta av klart språk

Brukarane synest vedtaka er blitt enklare, og statsforvaltaren skryt. Etter eit halvt år med målretta arbeid kan dei tilsette ved NAV Bømlo slå fast at klart språk er smittsamt.


Hausten 2020 deltok nesten alle dei 35 tilsette ved NAV Bømlo på språkverkstad. Dette er ein halv dag med teori, praktiske eksempel og gruppearbeid om klart språk. Synne Halleraker følgjer opp språkarbeidet i lag med dei andre leiarane ved kontoret.

– Målet vårt er at brukarane skal få lett tilgjengeleg informasjon. For å lukkast med det, må vi forenkle språket og få fram den viktigaste bodskapen først, seier ho.

Nye malar

Synne Halleraker og Hanne Synnøve Tislavoll
– Klart språk er svært smittsamt, og det verkar som ein i liten grad er motstandsdyktig eller utviklar resistens, seier avdelingsleiar Synne Halleraker (t.h.). Hanne Synnøve Tislavoll er ei av dei som jobbar med språk ved NAV Bømlo. Kontoret sitt motto: Eitt ord om dagen er godt for magen!

Etter språkverkstaden har leiarar og tilsette drøfta språkbruk på fagmøte og arbeidd med tekstar på tvers av avdelingane.

– Vi hadde ein eigen fagdag der vi jobba med språket i arbeidsevnevurderingar. Vi har også arbeidd med malane for KVP-vedtak og vedtak i sosialtenesta, flyktningtenesta og rustenesta, fortel Synne.

Skrive rett og lett

Hanne Synnøve Tislavoll jobbar som rettleiar ved NAV Bømlo.

– Eg hugsar at språket var veldig komplisert då eg var ny i 2005, og det er det framleis. Nokre gongar har eg sjølv problem med å forstå kva som står i malar og vedtak. Eg er oppteken av språk og meiner at vi som offentleg organ må skrive rett, og samstundes lett, seier ho.

– Kva har vore mest interessant med språkarbeidet?

– Å sjå språket frå brukaren si side. Vi produserer jo mykje kvar dag, men tenkjer ikkje alltid nok på den som får det i postkassa. Det mest krevjande har vore å venne seg av med ord og uttrykk som ligg i blodet. For eksempel å bytte ut «vilkår» med «kva må du gjere for å få pengane».

Mindre formelt – fleire forstår

Flyktningkonsulent Magny Røksund merkar allereie at arbeidet med klart språk har effekt.

– Før skreiv vi mykje meir formelt, og eg måtte ofte forklare brukarane kva som stod i breva. No får vi langt færre spørsmål og tilbakemeldingar om at dei ikkje forstår. Det er mykje kjekkare å levere ut eit vedtak når du veit at mottakaren kan forstå det, seier ho.

– Kva tenkte du då de skulle i gang med språkverkstad?

– Den første tanken var nok «Endå noko nytt, no igjen!?» Men det har vore veldig positivt. Det mest interessante er å vere med på å forme tekstane slik vi meiner dei skal vere. Vi har eigarskap til det. Men vi har mykje igjen å jobbe med, seier ho.

Endring over tid

Då statsforvaltaren i Vestland kom på tilsyn i februar, vanka det også gode ord.

– Klart språk var ikkje eit eige punkt frå statsforvaltaren, men vi la sjølv vekt på det i intervjua med dei. Vi leverte inn klientmapper for 15 brukarar og fekk gode tilbakemeldingar, seier Synne.

– Kva er ditt råd til andre kontor som vil gå i gang med språkarbeidet?

– For oss har det viktigaste vore å gjere språkarbeidet til ein vanleg del av forbetringsarbeidet vårt. Ikkje tenk at alt må endrast over natta. Det er viktigare at alle dei tilsette er med, seier Synne Halleraker.


FacebookTwitterLinkedInEmail