h
SAMLER INNSIKT: Denne gjengen fra Arbeids- og velferdsdirektoratet har reist rundt for å samle brukerinnsikt.

Noreg rundt for nye nav.no

Hausten 2017 har Helhetsteamet reist Noreg rundt for å lære av brukarane. Målet er å forstå kva konkrete behov brukaren har i møte med NAV, og korleis ein best kan møte desse på nav.no.


I 2017 har teamet intervjua både brukarar og rettleiarar, og deltatt på informasjonsmøter ved ulike NAV-kontor. Målet med innsiktsarbeidet er eit nav.no der alle finn fram.

Frå Stavanger til Vesterålen

Helhetsteamet er samansett av folk frå IT-avdelinga og kommunikasjonsavdelinga i direktoratet. Målet med reisa var blant anna å finne ut av kvifor brukarane møter opp i mottaket på NAV-kontoret framfor å bruke nav.no. Den enklaste måten å få til dette på var å reise dit.

Første stopp for turen var to ulike NAV-kontor i Oslo. Deretter gjekk turen til Stavanger i oktober, Lillehammer i november, etterfølgd av Ålesund, samt Brattvåg og Sandøy kommune på Sunnmøre. I januar 2018 besøkte dei to ulike NAV-kontor i Vesterålen i Nordland, og avslutta reisa for denne gong hjå Hjelpemiddelsentralen i Vestfold.

Verdien av å møtast

Heidi Braaen og Ragnhild Kongsvoll fortel at dei valte å reise på dagar det var informasjonsmøter eller andre brukarmøter i kontora. På denne måten fekk dei snakke med mange forskjellige folk med ulik tilknyting til NAV-kontoret.

– Det gir ein eigen verdi å møte folk ansikt til ansikt på sitt lokale NAV-kontor utan at dette er avtalt på førehand. Det gir ei naturleg ramme om intervjuet når brukarane allereie er på NAV-kontoret for å utføre sitt ærend med NAV, seier Braaen.

Teamet var også opptatt av å få med ulike perspektiv frå ulike regionar og NAV-kontor, og då er det naturleg å innhente brukarinnsikt fleire stader enn Oslo, som ligg lettast til.

– Ulike stader i Noreg har også forskjellige utfordringar som det har vore spennande å lære meir om, seier Kongsvoll.

På ulike reiser har dei både fått møte menneske som er råka av krisa på Sør-Vestlandet, der høgt utdanna oljearbeidarar blei arbeidsledige. Dei har møtt permitterte sesongarbeidarar i Nordland, arbeidsinnvandrarar som opplever endra krav i arbeidslivet enn tidligare, samt menneske som opplever å bli tvungne til å tenke ein heilt ny yrkesveg i godt vaksen alder. I tillegg har det vore sterke møter med unge menneske, og møter med menneske som har ulike utfordringar med syn, høyrsel eller lese- og skrivevanskar.

Kongsvoll fortel at kontora har ulike utfordringar og ulike løysingar, og at det har vore veldig lærerikt å høyre korleis dei jobbar.

– Vi har blitt tatt så godt imot, og kollegane våre på NAV-kontora har erfaringar frå brukarmøta som er viktige når vi skal gjere nav.no betre for brukarane. Eit anna inntrykk er at det er større lokale variasjonar enn vi trudde. Alle kontor har sine lokale utfordringar, og løyser dei på sin eigen måte, legg ho til.

//

Ulike stader i Noreg har også forskjellige utfordringar som det har vore spennande å lære meir om

RAGNHILD KONGSVOLL, KOMMUNIKASJONSAVDELINGEN

Eit steg nærare brukaren

På turen hadde dei også med seg ein prototype på ei ny framside av nav.no, for å kunne teste ut korleis ein helst vil navigere seg fram i ulike situasjonar. Hovudfunna som utmerkar seg er at nav.no må bli enklare og meir tilgjengeleg for brukarane enn det nettstaden er i dag.

– Dette gjeld eigentleg alt; språket, navigasjonen og korleis vi presenterer innhaldet for brukarane, seier Kongsvoll.

Varierte datakunnskapar, og behovet for ei enkel og universell utforming blei også tydeleg etter dei unike møta med ulike menneske.

Vegen vidare

I 2014 blei eit nytt nav.no lansert med ein konkret lanseringsdato. Denne gongen vil utviklinga skje meir gradvis.

– Vi deler innsikta med dei som er interesserte og kan ha nytte av det allereie, og opplever at dette gir verdi. Særleg prosjekt i startsfasen er interesserte, dei kan bruke innsikta direkte inn i arbeidet sitt, fortel Kongsvoll.

Målet vidare i arbeidet er å få på plass eit tverrfagleg team som skal jobbe med å utvikle nav.no, og innsikta gir eit godt utgangspunkt for dette teamet. Saman skal dei vere sentrale i utviklinga av nav.no – basert på innsikt frå brukarane sjølv. //


FacebookTwitterLinkedInEmail