Ny strategi for integrering
Innan utgangen av året vil Regjeringa kome med ein ny strategi for integrering, der målet er å få fleire innvandrarar ut i arbeid.
– Gloppen kommune er blant mellom dei beste i Noreg på integrering, og eg har reist hit fordi eg lenge har høyrt om den unike Gloppen-modellen. I «Integreringsløftet» kjem Gloppen-modellen til å vere sentral, seier Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til avisa Firda Tidend 15. juni. //