h
Fram til no har flest personar med datakunnskap og yrker innan bygg- og anlegg og tekstilindustrien fått jobb via "Raskt i jobb". Illustrasjonsoto: Colourbox

Skreddarsyr oppfølging på introduksjonsprogrammet

Individuell oppfølging og tett samarbeid med arbeidsgjevarar har bidrege til at 45 flyktningar i Bergen har fått jobb via prosjektet «Raskt i jobb».


Marianne Bjørkly, NAV Vestland

– Viss vi skal integrere fleire i arbeidslivet, treng vi ulike tilbod, vi kan ikkje berre køyre standardiserte løp for alle flyktningar og innvandrarar. Mange er veldig motiverte for å jobbe, og har kvalifikasjonar arbeidsgjevarar treng. Då er det viktig å bidra til at dei kjem raskt i jobb, seier prosjektleiar og koordinator hjå NAV Vestland, Marianne Bjørkly.

Styrkar og ynskjer hjå kvar enkelt

«Raskt i jobb» byrja som eit samarbeid mellom NAV Vestland og Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune i mai 2017. Målet var å gjere introduksjonsprogrammet meir arbeidsretta. Tre jobbspesialistar har i dag eit eige kontor hjå introduksjonssenteret, der dei følger opp dei som ynskjer å kome raskt i jobb. Så langt har totalt 55 personar delteke i prosjektet, og i 2018 fekk 25 nye personar jobb.

Kvar jobbspesialist følger aldri opp meir enn 20 personar, og dei held fram med oppfølginga etter at dei har kome ut i arbeid. Bjørkly fortel at dei tek utgangspunkt i metoden «Individuell jobbstøtte», som opphavleg blei utvikla for å hjelpe personar med alvorlege psykiske helseutfordringar ut i jobb.

– «Individuell jobbstøtte» er ein strukturert metode som handlar om å finne fram til styrkar, ressursar og ynskjer hjå kvar enkelt, og så tek vi kontakt med aktuelle arbeidsgjevarar. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar får god oppfølging så lenge det er behov for det, og arbeidsgjevaren har ein fast og lett tilgjengeleg kontaktperson, fortel Bjørkly.

Tilbyr ein «jobbsmak»

Metoden inneber ikkje praksisplassar eller rammeavtalar, men NAV Vestland kontaktar arbeidsgjevarar ut frå kvar enkelt sine yrkesynskje, ressursar og erfaringar. Fram til no har flest personar med datakunnskap, eller yrker innan bygg- og anlegg og tekstilindustrien fått jobb.

– Samarbeidet med arbeidsgjevarane har vore veldig bra. I staden for praksisplassar tilbyr vi ein jobbsmak i opptil 10 dagar. Det fungerer fint, det er berre heilt unntaksvis at det har vore behov for å forlengje perioden, fortel Bjørkly.

Prosjektet er finansiert av midlar frå «Hurtigsporet», og introduksjonssenteret har fått tilskot frå IMDi. «Raskt i jobb» varer ut 2019, men leiinga i både Bergen kommune og i NAV Vestland er budd på å jobbe på same måte òg etter at prosjektperioden er over.

Introduksjonssenteret i Bergen samarbeider no med Nygård skole for å sjå på korleis deltakarane kan få ein bedriftslærar på arbeidsplassen, sånn at språkopplæringa dei har krav på etter introduksjonslova har samanheng med jobben dei skal gjere.


FacebookTwitterLinkedInEmail