Med koronapandemien kom det fleire nye regler og regelverksendringar som gjorde at systema i NAV måtte tilpassast. Særleg viktig har det vore å tilpasse systema som brukast for å handtere dagpengesøknader.

Talet på søknader auka betrakteleg under pandemien, og både ordningane og regelverksendringane var midlertidige. Totalt har dei sendt ut over 2,2 millionar automatiserte dagpengevedtak frå 2020 til august

2022.

Manuell sakshandsaming

Profilbilete av Therese Krohn
Therese Krohn

– Alle nye søknader om dagpengar må sakshandsamast manuelt, i tillegg måtte sakshandsamarane òg endre manuelt på vedtaka til dei som allereie hadde fått innvilga dagpengar. Vi har difor utvikla ei løysing som gjer at desse vedtaka automatisk vart endra i tråd med nye ordningar og regelverksendringar, seier fungerande leiar for Produktområde arbeid (PO Arbeid), Therese Krohn.

Dette kunne til dømes vere dei som måtte få endra dagpengesatsen frå 62,4 % til 80 %, eller dei som etter dei nye reglane fekk forlenga perioden dei kunne få dagpengar.

– Legg vi til grunn at sakshandsamarar bruker om lag 7 minuttar på kvar sak, som er eit forsiktig anslag, hadde dei brukt 81 årsverk på vedtaka som vart automatisert i 2021, seier Krohn, som understrekar at dette ikkje hadde gått utan et tverrfagleg samarbeid med kollegaer i hele NAV.

Dialog mellom NAV og departementet

NAV hadde ein dialog med departementet for å finne ut kva som måtte til av endringar for at vi kunne automatisere vedtak.

Profilbilete av Kamile Gursel
Kamile Gürsel.

– Dermed vart dei midlertidige reglane og særordningane mogleg å handtere i løysingane vi allereie hadde, seier Kamile Gürsel, seniorrådgjevar i PO Arbeid.

Ho fortel at viss NAV ikkje hadde fått til ei løysing for å handsama endringane automatisk, ville sakshandsamarane måtte handtert fleire saker fleire gonger.

– Det hadde betydd auka kostnader for NAV, og dei som søkte dagpengar hadde fått ei dårlegare brukaroppleving fordi sakshandsamingstida ville blitt lengre, seier Gürsel.

Totalt er det om lag 30 personar som har bidrege inn i sjølve arbeidet med automatiseringa, alt frå utviklarar og testarar til personar har ansvar for innhald.

Ikkje arbeidsledig

Sjølv om reglane no er avvikla, kjem PO Arbeid framleis til å arbeide med dagpengeområdet. Ei heilt ny dagpengeløysing som er endringsdyktig, robust og tilpassa framtidige regelverksendringar, er under utvikling.

– No har vi vist kva som er mogleg å få til, og det blir viktig for oss å nytta oss av den læringa. Vi skal bygge gode løysingar for brukarane og har brukt mykje tid på kommunikasjon og innhald. Neste mål er å få løfta handsaminga over i nytt system for sakshandsaming, seier Therese Krohn.