h

Vekk med tåkepraten

Vi er ikkje i mål, men språket  i NAV blir stadig betre.


Ifølgje ei spørjeundersøking Kunnskapsforlaget fekk laga i januar i år, meiner éin av tre at NAV brukar meir tåkeprat enn andre offentlege verksemder. Då deltakarane blei spurde om kva offentleg instans som brukar utydelig språk, svara 33,9 prosent NAV.

Til samanlikning svara berre 2,5 prosent Statens vegvesen.

Seksjonssjef  i Kommunikasjonsavdelinga i Arbeids- og velferdsdirektoratet, Ellen Hov Aanæs, fortel at NAVs eigne brukarundersøkingar heldigvis syner eit betre resultat enn spørjeundersøkinga.

– Då eg spurde Kunnskapsforlaget om grunnlaget for undersøkinga, fekk eg vite at spørsmåla berre handla om kva inntrykk folk har, og ikkje deira konkrete erfaringar med NAV, seier Aanæs.

Krevjande

Kommunikasjons- avdelinga har det overordna ansvaret for dei språklege retningslinjene i NAV og har jobba med klarspråk sidan 2011.

I 2013 var ein ny brevstandard klar for korleis ein skal skrive brev i NAV, og dei fleste breva på dei store områda i NAV har fått ei ny språkdrakt. Likevel sender vi brev til brukarar som ikkje følgjer den nye standarden.

Aanæs meiner dette kan ha fleire årsaker, til dømes at nokre brev ikkje blei klarspråka i førre runde eller at saks behandlaren har tatt i bruk eit gamalt brev i staden for den nye malen.

– Sjølv om språket i brev og på nav.no stadig blir betre, er det framleis ikkje bra nok. Det finst mange standardbrev i NAV, og det er ei krevjande øving å endre dei. Gamle datasystem gjer òg at det tar lang tid før endringar vert implementert i saksbehandlingssystema.

I tillegg til språkleg forbetring i brev og på nav.no, er det òg utarbeidd to e-læringskurs i klarspråk i NAV som er tilgjengeleg for alle tilsette.

Unikt høve

Kommunikasjonsrådgjevar Eva Bekkelund-Eriksen har drive mykje med opplæring i klarspråk i heile etaten.

//

Språket er ein del av løysinga når vi snakkar om digitalisering og modernisering.

EVA BEKKELUND-ERIKSEN

Dei siste åra har ho blant anna reist rundt saman med juristen Silje Aanderud-Larsen og heldt språkkurs for tilsette i NAV. Hennar oppfatning er at mange er litt engstelege for å skrive eit meir munnleg og aktivt språk, som bryt med det dei er opplærde til.

Ho er oppteken av at alle NAVtilsette har eit ansvar for å vere medvitne om sitt eige språk, og legg til at digitalisering er eit unikt høve for alle til å fornye språket og måten ein formidlar lovar og reglar på.

– God formidling gir mange gevinstar; det hever kvaliteten, vi får betre arbeidsflyt og ikkje minst sikrar vi at brukarane forstår rettane og pliktene sine. Eg brukar å seie at språket er ein del av løysinga når vi snakkar om digitalisering og modernisering.

Rollemodellar

Bekkelund-Eriksen meiner at vi allereie har mange gode rollemodellar og språkambassadørar  i etaten. Ho nemner NAV Klageinstans, NAV Lønnsgaranti, samt Arbeid og ytelser i Arendal som døme på gode forbilde i NAV. Ho er tydeleg på kva ein bør jobbe med framover.

– Vi må bli gode til å skrive og snakke med folk, og alle er tent med å fri seg frå stammespråket og omgrepa som ingen brukar til vanleg.//

 

Denne saka blei først publisert i MEMU nr. 2, 2017.


FacebookTwitterLinkedInEmail