h
Yngve Årdal, jobbspesialist i NAV, jobber ved sykehuset i Førde

– Vi i NAV må gå i oss sjølv

Jobbspesialist Yngve Årdal meiner vi framleis har ein stor jobb å gjere for at fleire med psykiske utfordringar skal bli inkludert i arbeidslivet.


Yngve Årdal er tilsett i NAV Sunnfjord, men til dagleg arbeidar han ved den psykiatriske poliklinikken ved sjukehuset i Førde. Saman med sine to jobbspesialist-kollegaer, som er tilsett i Helse Førde, jobbar han med individuell jobbstøtte etter IPS-metodikken, i tett samarbeid med behandlingsteama på sjukehuset. Målet er å hjelpe personar med psykiske utfordringar og/eller rusproblem tilbake i jobb.

– Dersom nokon som får behandling på poliklinikken står utanfor arbeidslivet og er motivert for å begynne å jobbe, så blir vi jobbspesialistar kopla på. Parallelt med behandlinga snakkar eg med dei om kva slag jobb dei kan tenkje seg.

Oppsøker arbeidsgjevarar

IPS-tilbodet i Sogn og Fjordane er eit spleiselag mellom NAV og Helse Førde og starta på Nordfjordeid for fire år sidan.

For to år sidan blei Sogndal kopla på, og i 2019 fekk også Sunnfjord og Ytre Sogn tilbodet. På eitt år har åtte personar i Sunnfjord komme i jobb, og fire har gått tilbake til skulebenken.

– Samhandlinga mellom NAV og Helse gjer at vi kan gje denne gruppa eit godt tilpassa tilbod for ein veg attende til arbeidslivet. Med at vi jobbar ut frå poliklinikken har vi ein god dialog med behandlarane, og vi får informasjon ein elles ikkje ville fått.

Det kan vere avgjerande for å lukkast, meiner Årdal.

– Kanskje manglar dei litt på å fullføre ei utdanning, eller kanskje dei har interesser og erfaringar dei kan bruke i ein jobb. Vi hjelper dei med å klarne tankane, og at dei skal sjå mogelegheitene.

//

Vi kan ikkje gje oss, det er vi som skal gje folk ein sjanse.

YNGVE ÅRDAL

Kontakt med arbeidsgjevarar er ein viktig del av jobben hans.

– Eg er mykje på farten og oppsøker arbeidsgjevarar i distriktet. Eg er innom ganske hyppig, for det tar tid å byggje relasjonar. Målet er å finne en god match. På førehand har eg gjort ei ganske omfattande kartlegging av jobbsøkjaren. Vi må vite ganske mykje, så nysgjerrigheit er ein god eigenskap i dette yrket.

– Meir openheit om psykiske utfordringar

Når han trur han har funne ein god match, er det fordi han er blitt godt kjend med både arbeidsgjevaren og arbeidssøkjaren. Han følgjer dei tett opp, også etter tilsetting.

– Vi får ofte eit nært forhold til arbeidssøkaren, og spesielt i starten vert det hyppig oppfølging dersom arbeidssøkar og arbeidsgjevar ønsker det.

Han fortel at sjølv om ikkje alle arbeidsgjevarar har ein jobb å tilby, blir han stort sett godt motteke når han oppsøker dei.

– Det er veldig kjekt og givande å snakke med arbeidsgjevarar, og heldigvis er det meir openheit om psykiske utfordringar enn tidlegare. Dei fleste kjenner nokon som har eller har hatt slike plager.

At han begynte som jobbspesialist, var litt tilfeldig. Etter mange år som redaktør for lokalavisa Firda, bestemde han seg for å gjere noko heilt anna.

– Eg tok ei avgjerd om å forlate mediebransjen. Då hadde eg vore over 30 år på same arbeidsplass, og ville gjere noko nytt. Eg fekk nyss om stillinga som jobbspesialist og tenkte at det kunne vere noko for meg. Her ville eg få bruk for både nysgjerrigheita mi på menneske og det store nettverket eg har.

– Vi er påhengsmotoren

Overgangen var stor.

– Eg har hatt ein bratt læringskurve. Eg kjende lite til både NAV og helsesektoren, og brått ble eg veldig involvert i enkeltskjebnar. Eg fekk litt bakoversveis den første tida, skal eg innrømme.

Nå har Årdal hatt jobben i eit år og har ikkje angra på valet.

– Det er ei fantastisk kjensle når ein lukkast med å få ein person i jobb etter mange år utanfor arbeidslivet. Då blir det mange telefoner og glade tekstmeldingar. Eg hadde mellom anna eit tilfelle som både NAV og Helse meinte var ueigna for arbeidslivet. No er vedkommande i jobb. Eg kjennar til fleire andre døme.

Han har ei oppfordring til sine NAV-kollegaer:

– Vi må gå i oss sjølve og tore tenkje annleis og nytt. Eg forstår at vi av og til kan miste trua på å lukkast med å få enkelte tilbake i arbeidslivet. Men vi kan ikkje gje oss, det er vi som skal gje folk ein sjanse. Vi er her for å hjelpe menneske i gong igjen, vi er påhengsmotoren som skal gje eit puff framover.


FacebookTwitterLinkedInEmail