h

Vi skal bruke eit respektfullt språk

Hausten 2018 har kommunikasjonsavdelinga i NAV laga ein ny standard for språk og formidling. Språkstandarden består av tre hovudprinsipp: eit sett skriveregler, eit dømebibliotek, samt råd og anbefalingar for korleis ein kan brukarteste tekstar.


Ellen Hov Aanæs, seksjonssjef i NAVs kommunikasjonsavdeling

– Opphavleg var tanken å lage retningslinjer for språk i digitale kanalar. Vi hadde ein hypotese om at vi skulle vere «friskare og meir leikne» i tonen enn i formelle vedtak og brev, fortel seksjonssjef Ellen Hov Aanæs. – Denne hypotesen har vi no forkasta, først og fremst fordi brukarane ynskte det.

Enkle brukarundersøkingar på nettet viste nemleg at NAV først og fremst skal vere respektfulle og profesjonelle, uansett kanal.

– I den nye språkstandarden har vi difor lagt vekt på at brukarane skal oppleve oss som eitt NAV, anten brevet kjem digitalt eller på papir, seier Aanæs.

– Det er ingen tvil om at nye teknologiske høve har bidrege til å gjere tekstane kortare og enklare, men det er framleis like viktig at tekstane er korrekte og samordna. Det er faktisk òg ein føresetnad for å kunna utvikle gode tenester til brukarane.


FacebookTwitterLinkedInEmail