Arbeidsplassen må brukast som utviklings- og kvalifiseringsarena

https://memu.no/wp-content/uploads/2022/06/Froyland_og_Spjelkavik_1200x1200px_MEMU.jpg
Kjetil Frøyland og Øystein Spjelkavik
forskere ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet

Opplæring på arbeidsplassen i tett samarbeid mellom arbeidsgivarar, NAV, skole og helsevesen kan gi ein pressa arbeidsmarknad tilgang på arbeidskraft.

Gjennom mange år med forsking på arbeidsinkludering veit vi at det finst mykje unytta arbeidskraft blant folk som er registrerte hos NAV. Nokre av desse kan komme i arbeid og fungere på like fot med andre tilsette, dersom dei får sjansen.

Men mange har utfordringar som gjer det vanskeleg å meistre forventningane til eit arbeid fullt ut. Nokre vil trenge tilrettelegging, oppfølging og avgrensing av oppgåvene. Vi har snakka med mange av desse.

Vi veit òg at utsette grupper på arbeidsmarknaden gjerne kjem i arbeid i større grad når arbeidsmarknaden er brennheit som no, men straks konjunkturane svingar andre vegen, er det desse gruppene som fell ut att. Det gjeld sårbar og utsett ungdom, menneske med sosiale og psykiske utfordringar, lærevanskar eller fysiske funksjonshemmingar.

Utvikle arbeidskraft på arbeidsplassen

Skal vi lukkast med meir varig inkludering av sårbare og utsette grupper, treng dei aukt formell kompetanse, slik at dei i framtida står sterkare og har kvalifikasjonar som arbeidslivet treng.

No som det er høg etterspørsel etter arbeidskraft har vi ein god moglegheit til å finne måtar å bruke arbeidsplassen som arena for opplæring og kvalifisering, slik at desse menneska ikkje ramlar ut igjen når etterspørselen minkar.

Men gode intensjonar, subsidiering av lønn og aktivitetskrav er ikkje nok. Bedriftene må sjølv gjere ein innsats for å utvikle inkluderingskompetanse.

Opplæring og kvalifisering på arbeidsplassen krev tett samarbeid med bedriftene og dei tilsette som blir kollegaer med ansvar for både sosial inkludering og opplæring i arbeidsoppgåver i det daglege. Det er viktig å forstå at vellukka inkludering ikkje gjer seg av seg sjølv. Å inkludere krev tid, ressursar og kompetanse.

Bedriftene må vera innstilte på å gi støtte til meistring og utvikling, og kan ikkje forvente ferdig levert og topp motivert arbeidskraft, sjølv om mange av desse kan bli det på sikt. Dei fleste trivst og blir meir motiverte av å vere i arbeid dersom dei opplever meistring i arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø.

//

Gode intensjonar, subsidiering av lønn og aktivitetskrav er ikkje nok.

ØYSTEIN SPJELKAVIK OG KJETIL FRØYSLAND

Ein annan føresetnad vår forsking peikar i retning av, er behovet for tettare samarbeid, der NAV-rettleiarar, jobbspesialistar og tiltaksarrangørar – meir enn dei tradisjonelt har gjort – inngår i offensivt samarbeid og samskaping med bedriftene, og hjelper med råd, rettleiing og økonomiske verkemiddel. Også skolen og helsetenestene må ta ansvar her og ikkje berre overlate dette til NAV.

I sum kan dette gi aukt inkluderingskompetanse på arbeidsplassane. Noko som ikkje berre kjem folka frå NAV, skoleelevar som slit og pasientar til gode, men som også vil vere eit pre for alle tilsette når vi av ulike årsaker får helseutfordringar eller kjem i livssituasjonar som gjer at vi ikkje klarer å jobbe som før.

 Nokre bedrifter er alt i gang

Der finst bedrifter i Noreg som gjer dette allereie. Vi har i det siste intervjua tilsette i bedrifter som i samarbeid med NAV utviklar eigne mentorar som står for oppfølginga. Ei av dei – GE Healthcare, ei suksessrik teknologibedrift lokalisert i utkantstrøk på Sørlandet med mangel på arbeidskraft – har inngått samarbeid med NAV med føremål om å gi menneske frå NAV opplæring i bedrifta med sikte på fagbrev og fast tilsetjing.

For å lukkast samarbeider dei med NAV og andre kompetente på området om å utvikle dedikerte mentorar blant dei allereie tilsette i bedrifta. Desse mentorane skal så følge opp og leggje til rette for arbeidstakarane som kjem via NAV.

For nokre skal det ikkje så mykje til før dei kan gå opp til fagbrev. Dei har ikkje så store utfordringar eller «hol i CV-en», og ein ny start etter nokre år med lediggang er den sjansen dei treng. Andre manglar heile vidaregåande skule og har hol ikkje berre i CV-en, men i sjølve livet.

Desse har behov for lengre og meir tilrettelagte læreløp. Men også blant desse finst det unytta arbeidskraft som kan bidra til å løyse dei utfordringane norske verksemder står i no. Her handlar det om både å sjå og gripe moglegheitene.

Dette er ein forkorta versjon av KAI-kronikken Bruk arbeidsplassen som utviklings- og kvalifiseringsarena for utsette grupper! (oslomet.no)


FacebookTwitterLinkedInEmail