Kunnskap og politikk er ikkje to sider av same sak

https://memu.no/wp-content/uploads/2018/09/image.png
Lars Inge Terum
Professor ved Senter for profesjonsstudier, OsloMet

Politikk og tenesteutvikling har aldri vore så kunnskapsbasert som den er i dag, men kunnskap er berre ei av fleire kjelder når politikk skal utformast.

I Arendalsuka inviterte NAV til arrangementet Hvorfor er det så vanskelig å kunnskapsbasere politikk- og tjenesteutvikling? Til grunn for spørsmålet ligg minst to premisser: a) at politikk- og tenesteutvikling bør vere kunnskapsbasert, og b) at det er noko som hindrar slik kunnskapsbasering.

Første premiss er det forholdsvis lett å vere samd i. Den andre må vi derimot stoppe litt opp ved. Når vi skal diskutere kva det er som gjer kunnskapsbasering vanskeleg, kan vi skilje mellom praktiske og prinsipielle utfordringar.

Praktiske utfordringar

For det første er det selektiv bruk av forsking, som tyder at forsking blir brukt til å støtte opp om bestemte politiske mål. Motstykket til slik legitimerande strategisk bruk av forsking er det som vert kalla «forsking som politisk ammunisjon». Her blir forskinga eksplisitt brukt til å tene bestemte interesser. Professor Tali Sharot frå University College London, som driv med eksperimentell åtferdsforsking har vist at vi menneske lett blandar saman fakta og verdiar. Når ei kjelde deler våre verdioppfatningar, er vi meir tilbøyelege til å lytte til fakta. Dette skjer sjølv om fakta som kjem frå denne kjelda beviseleg er dårlegare fundert enn fakta frå ei anna kjelde. Og ikkje nok med det, Sharot & co finn også at vi tenderer til systematisk å unngå fakta som vi trur vil føre til ubehag for oss.

//

Forskingsbasert kunnskap er berre eitt av fleire omsyn i politiske prosessar.

LARS INGE TERUM, PROFESSOR VED OSLOMET

At forsking blir brukt strategisk i politikken må vi leve med. Den store utfordringa ved politikk- og tenesteutvikling er å redusere sjansen for at fakta vert relativisert og ignorert. Funna til Sharot & co kan bety at det også skjer utan at vi heilt er klar over det.

For det andre kan det vere situasjonar der det ligge føre kunnskap som er relevant, men som likevel ikkje får politisk gjennomslag. Dette skjer fordi forskingsbasert kunnskap er berre eitt av fleire omsyn i politiske prosessar. Det sentrale ved politikkutvikling er nettopp at den skal avvege ulike omsyn og verdiar. Politikken må også baserast på kompromissar og vurderingar av kva som er praktisk mogleg.

Prinsipielle utfordringar

Overgangen frå forsking til politikk står også overfor utfordringar av meir prinsipiell karakter.

For det første let samfunnsvitskapleg kunnskap seg ikkje utan vidare omsetje til politikk. La meg illustrere det med eit døme. Internasjonale meta-studiar viser at aktiveringspolitiske tiltak berre i avgrensa grad evner å bringe stønadsmottakarar over i varig arbeid. Meta-studiane viser rett nok at effektane varierer noko for ulike typar tiltak, og tidsdimensjonen er viktig. Tiltak som «aktivitetskrav og sanksjonar» har ein viss korttidseffekt på overgang frå stønad til arbeid, men ingen langtidseffekt. Tiltak som har som mål å ruste opp stønadsmottakaren, gjennom til dømes trening og opplæring, viser motsett effekt. Dei viser så godt som ingen effekt på kort sikt, men ein viss effekt på lengre sikt.

Bør Stortinget ut frå dette vedta at vi skal slutte med å utvikle aktiveringspolitiske tiltak og avvikle denne delen av verksemda til NAV? Og om ein skal halde fram, bør ein satse meir på aktivitetskrav og sanksjonar og mindre på frivillig opprusting av stønadsmottakarane, eller snarare gjere det motsette? Empirisk samfunnsforsking kan ikkje gje enkle svar på slike spørsmål.
Ei anna prinsipiell utfordring med kunnskapsbasering er knytt til prediksjon – ønsket om å setje i verk tiltak som i framtid har intendert verknad. Det er liten tvil om at det er mangelfull kunnskap om effektar av tiltak og at slik kunnskap er svært viktig å utvikle. Samtidig må vi erkjenne at det prinsipielt sett er vanskeleg å føreseie verknader av tiltak i samfunnet.

Som vitskapsteoretikaren Nancy Cartwright understrekar, er det ikkje så enkelt som at om noko har ein effekt der, så vil det også ha ein effekt her. Samanhengane i samfunnet er meir komplekse enn som så. Det er sjølvsagt viktig å vere opptatt av at tiltak har effekt, men kanskje bør tiltaks- og metodeoptimismen også haldast litt i sjakk. Kompleksiteten på dei områda som NAV har ansvar for er gjennomgåande stor. Det gjer at kunnskap om konteksten og rammene for tiltaka også blir svært viktig.

 

Les meir om temaet i Lars Inge Terums kronikk Om å kunnskapsbasere velferdspolitikken på oslomet.no. 


FacebookTwitterLinkedInEmail