https://memu.no/wp-content/uploads/2018/12/Korregere-meldekort.png

No kan brukarane sjølv korrigere meldekort på nav.no

Frå og med 1. desember kunne brukarane korrigere meldekort frå dei 5 siste meldeperiodane sjølv. Eit meldekort kan korrigerast elektronisk på nav.no éin gong. Meldekort som er eldre enn dei 5 siste periodane kan framleis berre korrigerast ved frammøte på eit NAV-kontor.

Nokre gonger blir ytingar innvilga tilbake i tid for ein periode der brukaren ikkje har sendt meldekort. Viss brukaren har 10 eller færre meldekort som har vorte oppretta av vedtak tilbake i tid, kan brukaren no etterregistrere desse på nav.no.

Tidlegare måtte brukarar som oppdaga feil i meldekortet, eller som måtte etterregistrere meldekort, møte opp på NAV-kontoret.


FacebookTwitterLinkedInEmail