https://memu.no/wp-content/uploads/2018/06/Digisos-logo.png

Digital søknad om økonomisk sosialhjelp blir prøvd ut i fire kommunar

Tysdag 5. juni vart NAVs fyrste kommunale digitale teneste lansert på nav.no. Digital søknad om økonomisk sosialhjelp er utvikla av åtte pilotkommunar, KS og NAV.

Bergen, Oslo, Horten og Askøy er kopla på, det inneber at éin million innbyggjarar er kopla på. Etter sommaren vil fire nye kommunar bli med, noko som gjer søknaden tilgjengeleg på nav.no for 1,5 millionar innbyggjarar. Målet er at alle kommunar i landet vil ønskje å bruke løysinga.

Prosjektet Digisos starta i 2016, og for eitt år sida kom det ein vegvisar for sosialhjelp på nav.no. No er NAV godt i gang med å teste digital søknad om sosialhjelp i fleire kommunar. Prosjektet blir utvikla «i fart» og nye funksjonar vil kome til.

Les meir på nav.no.


FacebookTwitterLinkedInEmail