https://memu.no/wp-content/uploads/2020/02/Asset-5Serviceklage-ill2.png

Betre oversikt over serviceklager

I november 2019 lanserte NAV ei forbetra teneste på nav.no for dei som vil klaga på servicen til NAV.

– Det er viktig at dei som bruker våre tenester enkelt kan gje tilbakemelding på opplevingane deira i møtet med NAV. Vi brukar klagene til å bli betre. Vi ønskjer å yte heilskaplege tenester og gje god service, difor er serviceklagene viktige for oss, seier Kjell Hugvik, direktør for arbeid og tenester i NAV.

I den nye løysinga kan klagarane velje om dei ønskjer å logga inn eller ikkje. Klaga blir arkivert med ein gong, og innhaldet vert samstundes tilgjengeleg for innsendaren på Ditt NAV. Tidlegare vart klaga skanna inn, og sjølv om dokumentet dukka opp i Ditt NAV etter nokre dagar var det ikkje mogleg å lesa det.

Den nye løysinga gjer òg at klagene raskare kjem fram til eininga som skal fylgja opp klaga. No er det òg betre plass til å skriva inn tekst, og løysinga er tilpassa mobil og nettbrett.

Løysinga er òg betre for dei tilsette i NAV. Det blir færre manuelle rutinar, og dei får betre oversikt over klagene.

25.02.2020


FacebookTwitterLinkedInEmail