https://memu.no/wp-content/uploads/2020/02/chat-e1581501572372.jpg

Ny chat for spørsmål knytt til sjukefråvær

4. februar 2020 opna NAV ein chat for dei som har spørsmål om sjukmeldingar, sjukepengar, yrkesskade og skadebot for mein.

Svarer òg på arbeid

Det er rettleiarar hjå NAV Kontaktsenter Trøndelag Trondheim som svarer på spørsmål knytt til desse områda. Dei svarer allereie på spørsmål frå jobbsøkjarar som har spørsmål om arbeidsavklaringspengar,  dagpengar, tiltakspengar, tiltak og rettleiing for å komma i arbeid eller aktivitet.

— Vi ser fram til å svara på spørsmål om sjukepengar. Chat er eit godt tilbod til mellom anna personar som treng bistand til å nytta digitale sjukmeldingar, og til å finna tilpassa informasjon på nav.no, seier Anders Lindset, rettleiar i NAV Kontaktsenter Trøndelag Trondheim.

Chatbot i løpet av våren

No skal NAV trena opp chatbot Frida til å svara på spørsmål om sjukepengar.

— Vi bruker dialogane frå chatten til læring for spørsmål som kan kome og korleis dei blir formulert, fortel chatbot-trenar Jon Vetle Verstad Waldal

— Vi ser at chatbot Frida allereie får mange spørsmål om sjukepengar, og vil òg bruka dei spørsmåla som utgangspunkt for å lage ein chatbot om sjukepengar, seier chatbot-trenar Kristin Losen.

Evaluerer effekten

NAV tilbyr chat på områdane arbeid, familie, helse, sosiale tenester, gjeldsrådgiving og EURES. Opningstida er frå kl. 09.00 til 14.30.

Utvidingar av områdar blir jamleg vurdert, og effektane av både chat og chatbot skal evaluerast. 14. februar vert tilbodet utvida med chat for dei med spørsmål om uføretrygd.

 

12.02.20


FacebookTwitterLinkedInEmail