https://memu.no/wp-content/uploads/2020/11/Eirik-Sletteberg-med-gammelt-hullkort.png

Deler kjeldekoden til ein av Noregs eldste databasar

I om lag ein månad har kjeldekoden til det sentrale Folketrygdsystemet (DSF) vore open for alle.

DSF har over 291 000 linjer med kode. Det blei tatt i bruk i 1967 og har betalt ut pensjon til pensjonistar i Noreg i 51 år.

Kodespråket PL/I (Programming Language number 1) er så gamalt at ingen bruker det lenger.  Då NAV skulle bytte ut systemet i 2018, måtte dei faktisk henta inn ein pensjonert utviklar som hadde kjennskap til det over femti år gamle dataspråket, for å hjelpa dei å skriva om koden slik at dei kunne ta med seg historiske data inn i det nye systemet.

– DSF er det første systemet til NAV og er opphavet til velferdsstaten. Dei trong eit system som kunne ordne med utbetalingar. Sjølve programmet har nok blitt brukt lengre enn dei hadde tenkt då dei laga det, seier Eirik Sletteberg, utviklar i NAV.

Dokumenterer IT-historie

Sjølv om systema vart bytta ut i 2018, har ikkje DSF vore i drift sidan 2008. Då tok eit anna system over drifta av folketrygdsystemet, men DSF haldt fram på grunn av historiske data det nye systemet ikkje hadde tilgang til.

Bakgrunnen for at NAV no gjer koden tilgjengeleg for alle er fordi det handlar om historia til folketrygdsystemet. Det er hittil om lag 70 personar som har vore inne på sida til GitHub og dei 720 mappene koden er fordelt på.

– Vi har ei rik IT-historie i NAV som er viktig å dokumentere for ettertida. Det er mykje spanande å visa fram, og vi har eit IT-museum i Sannergata 2 i Oslo , der den som er nysgjerrig kan få sjå nokre av dei gamle systema, seier Sletteberg.

Les meir om historia til det gamle kodespråket på Kode24.

På biletet ser vi Eirik Sletteberg som held eit gamalt holkort ved sia av ein dataskjerm som viser deler av kjeldekoden (PL/I) til DSF. I margen på kvart program kan ein sjå linjenummer – dette korresponderte direkte med kolonnar og rader på holkorta dei programmerte på tidlegare.

12.11.2020


FacebookTwitterLinkedInEmail