https://memu.no/wp-content/uploads/2019/04/Foreldrepenger-digitale-søknader.jpg

Digital søknad i verdsklasse

Med ein skåre på +70 har den digitale søknaden for eingongsstønad fått karakteren «World Class» av Net Promoter Score (NPS).

NPS er ein målemetode som er mykje nytta for nettenester og måler kor mange som tilrår tenesta til andre. Søknaden for eingongsstønad vart lansert i april i fjor og har skåra i gjennomsnitt 71 sidan lanseringa.

Når det gjeld den digitale søknaden om foreldrepengar, har skåren endra seg frå -44 til +55.

No søker 97 prosent foreldrepengar digitalt. Målet var 80 prosent. Suksessen kjem mellom anna av at Foreldrepengeprosjektet samlar brukarinnsikt 24 timar i døgnet.

– Vi har gått bort frå tradisjonelle brukartestar og nyttar i staden tilgjengelege verktøy på nett og snakkar med folk på gata for å få kontinuerlege tilbakemeldingar frå brukarane våre, seier produkteigar Sigrid Grønland Hoel i Foreldrepengeprosjektet.


FacebookTwitterLinkedInEmail