Blandinga av norsk og engelsk i språket er tema i julespesialen av podkasten «På godt NAVsk». Vi får òg høyre kva betyding den nye språklova får for oss som skriv og alle som mottar vedtak frå NAV.
I tillegg byr vi på en julereingjering. Vi går gjennom orda søppelbilen har teke med seg gjennom årets podkaster.
Som ein desember-bonus får du òg løysinga på julemysteriet om den spøkelsesaktige BAU, som har dukka opp på ulike stadar i NAV den siste tida. Og ikkje nok med dét: Her byr vi på eit litt annleis jule-e-vangelium, fortalt av Ellen Hov i NAV. Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, NAV-direktør, Hans Christian Holte og IT-direktør i NAV, Jonas Slørdahl Skjærpe er gjestar.
Høyr NAVs julepodkast (Transistor)
Du finn alle podkastane På godt NAVsk på Spotify, Transistor eller Google Podcast.
16.12.21