https://memu.no/wp-content/uploads/2019/01/Asset-9@4x.png

Søknadar om arbeidsmarknadstiltak og tilskot frå NAV har blitt digitale

No kan arbeidsgjevarar søkje om tilskot frå NAV digitalt i Altinn.

I første rekke er vil det vere mogleg å søkje digitalt om

  • Lønstilskot
  • Tilskot til mentor
  • Inkluderingstilskot

Søknadsprosessen blir enklare for arbeidsgjevarar, då heile prosessen blir gjort i Altinn. Innsendinga er trygg, og hindrar at sensitive opplysningar blir tilgjengeleg for andre.

Det er berre søknaden om arbeidsmarknadstiltak som er digital. Søknad om refusjon eller tilsegnsbrev vil framleis vere papirbasert. I ein overgangsperiode vil det framleis vere mogleg å sende inn søknaden i papirversjon.

Førebyggings- og tilretteleggingstilskot, samt BHT-honorar er ikkje med i den nye IA-avtala for 2019-2022, og det er difor ikkje lenger mogleg å søkje om desse tilskota.

Dei digitale søknadane vil vere tilgjengeleg i Altinn i slutten av januar 2019, og dei vil vere lenka til på nav.no.

Arbeidsgjevarar som lurer på korleis dei skal fylle ut skjema, kan kontakte Arbeidsgjevartelefonen på 55 55 33 36, eller ta kontakt med sin kontaktperson i NAV.

Les meir på nav.no.


FacebookTwitterLinkedInEmail