https://memu.no/wp-content/uploads/2018/02/IA-webinar.jpg

Dei populære IA-webinara er no opne for deltaking frå heile landet.

Gratis IA-kurs på nett

Alle som vil kan delta på gratis nettkurs om tema innafor inkluderande arbeidsliv (IA).

Det er NAV Arbeidslivssenter som tilbyr IA-webinara, som rettar seg mot leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette. Etter ein prøveperiode på tre år, vert tilbodet landsdekkjande i 2018.
Sogn og Fjordane er eit av fylka som har tre års røynsle med det prosjektleiar Frode Andreas Hågvar kallar «ein halvtimes effektiv fagformidling på nett».
– IA-webinara frigjer ressursar både for arbeidsplassane og oss rådgjevarar. Det einaste som trengs for å delta er ei datamaskin, nettbrett eller smarttelefon.

Tema som blir teke opp er innan arbeidsmiljø, sjukefråværsarbeid, rekruttering og inkludering, og senior- og livsfasearbeid. Det er mogleg å stille spørsmål undervegs. Ein fagansvarleg svarar fortløpande, og alle får svar.

Webinara går føre seg fleire gonger i veka, og arbeidslivssentra sendar ut eit oversyn over datoane til IA-verksemdene i sitt fylke.
Lyst til å delta? Meld deg på via nav.no/kurswebinar.
Les meir om IA-webinara på idebanken.org.


FacebookTwitterLinkedInEmail