I NAV-podkasten «På jobben» fortel David Adampour om kvifor han meiner det er viktig å gje personar som står utanfor ein sjanse.

David Adampour - ein inkluderande kjøpmann

Han er ikkje ein heilt vanleg arbeidsgjevar, og er mellom anna blitt kjend etter at Rema 1000-butikken der han er leder for 33 medarbeidarar, blei følgt i av programmet Vårt lille land på TV2. Blant Aftenpostens lesarar blei han kåra til Årets osloborgar 2018 på grunn av hans engasjement for å inkludere folk som står utanfor.

I podkasten fortel Adampour mellom anna om balansegang mellom å la dei tilsette få lov til å feile og samstundes stille krav. Han seier også at det er ein blanding av oppdraging og instinkt som har fått han til å satse på inkludering.

NAV-sjef Sigrun Vågeng er óg gjest i studio. Ho oppfordrar andre leiarar til å ta sjansen på inkludering og fortel om kva slags bistand dei kan få hjå NAV.

Begge foto: Eirik Stordrange