Eldrebølga kjem snart over oss. Det medfører fleire utfordringar, også i arbeidslivet. Korleis kan vi halde dei eldre friske nok til å halde ut lenger i arbeid? Og kva er eigentleg folkehelse? Det og andre tema blir diskutert i den femte episoden av NAV-podkasten iapodden.

Programleiarane har besøk hjå eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (FrP) og jurist Ann-Kristin Olsen, som tidlegare har vore sysselmann på Svalbard og fylkesmann i Vest-Agder.

Som namnet seier handlar iapodden om kva som må gjerast for å skape eit meir inkluderande arbeidsliv (IA). Podkasten blei lansert den 22. mars, og dei ti første episodane blir produsert av NAV Vest-Agder.

Podkasten vert laga i samarbeid med Nasjonal Koordineringseining for IA-avtalen og IA-kontoret i direktoratet. Du finn episodane på Itunes og Podbean.