https://memu.no/wp-content/uploads/2019/06/CV-bilde.png

NAV arrangerte «CV-aksjonen 2019»

Etter at NAV nyleg lanserte møteplassen Arbeidsplassen.no, har arbeidet med å forbetre CV-tenesta på nettstaden halde fram for fullt. 10. mai arrangerte NAV Kontaktsenter nettkafé for eigne tilsette under namnet «CV-aksjonen 2019» med mål om å auke kvalitet og utfyllingsgrad i CV. I nettkafeèn fekk ein innspel til forbetringar og kunnskapsdeling om den nye møteplassen.

Nettkaféen førte til om lag 100 diskusjonstrådar om CV-tenesta, og har mellom anna resultert i endringsinnspel for Jobbveiviseren på nav.no og informasjonsmateriell som kan gjere det enklare for NAV-tilsette å ta i bruk og informere om nettstaden. Hjå NAV kontaktsenter har det også vore gjennomført fleire lokale «CV-aksjonar», med mål om å få tenesta meir kjend hjå tilsette.

Arbeidsplassen.no skal gje god oversikt over arbeidsmarknaden, og her kan arbeidsgjevarar og jobbsøkjarar finne kvarandre. Undervegs i nettkaféen kom det òg opp eit forslag om eit treffande og godt beskrivande slagord for Arbeidsplassen.no: «Arbeidsplassen er NAVs Tinder: Ein god match kan gje eit varig forhold».


FacebookTwitterLinkedInEmail