https://memu.no/wp-content/uploads/2019/09/Avtale-NAV-og-SSP-2.jpg

NAV og Senter for seniorpolitikk skal samarbeide om eit meir inkluderande arbeidsliv

Arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng og direktør for Senter for seniorpolitikk (SSP), Kari Østerud, har underteikna ein samarbeidsavtale om at partane i arbeidslivet skal arbeide for å realisere dei politiske intensjonane om eit meir inkluderande arbeidsliv i Noreg.

­– NAV har hatt eit godt samarbeid med Senter for seniorpolitikk gjennom fleire år. Eitt av måla i den nye IA-avtala er å forhindre fråfall frå arbeidslivet. Samarbeidet mellom NAV og Senter for seniorpolitikk er difor viktig å gjennomføre. Samarbeidet er no forankra i avtala vi har underteikna i dag, seier Sigrun Vågeng.

– Saman skal vi styrke partane for å redusere fråfall ved at arbeidstakarar pensjonerer seg tidleg, seier Kari Østerud.

Forskingsbasert kunnskap og praktiske erfaringar er grunnlaget for samarbeidet. NAV og SSP skal til ein kvar tid hjelpe partane i arbeidslivet på ein best mogleg måte, for å styrke føresetnaden om å nå måla for IA-avtala innan avtaleperioden.

Samarbeidsavtala tar føre seg ulike aktivitetar som skal bidra til å nå måla:

  • Kompetanseauking om seniorperspektivet innan personalpolitikk, arbeidsmiljø og leiing for rådgjevarar i NAVs arbeidslivssenter og andre nøkkelpersonar i NAV.
  • Informere alle NAV-einingar og gjere dei meir bevisste på kor viktig god seniorpolitikk er i arbeidslivet.
  • SSP kan hjelpe i arbeidet med å utvikle relevante kompetansetilbod til ulike brukargrupper i NAV.

Samarbeidsavtala vart underteikna 19. august 2019 og held fram ut avtaleperioden for IA-avtala, til 31. desember 2022.


FacebookTwitterLinkedInEmail