https://memu.no/wp-content/uploads/2018/11/Asset-1stengt.png

NAV si satsing på handtering av vald og truslar har vore vellukka

NTNU Samfunnsforsking har undersøkt korleis NAV har arbeidd med å førebyggja og handtere truslar i NAV i perioden 2014-2018.

Eit av dei mest markante funna, er dei stort sett positive tilbakemeldingane frå dei NAV-kontora som deltok i undersøkinga. Sjølv om ikkje alle tilsette var einige om alt og at nokon var meir kritiske enn andre, så er konklusjonen til NTNU at satsinga på handtering av vald og truslar mot tilsette i NAV har vore vellukka.
Noko av det som kjem fram, er at det er viktig at tilsette saman reflekterer rundt arbeidet med sikkerheit, og at alle får opplæring i korleis dei handterer krevjande brukarar.

Her er nokre av hovedfunna i rapporten:

  • Merksemd på sikkerheten til dei tilsette er løfta til eit nytt nivå.
  • Dei tilsette meiner at satsinga ikkje har gått utover brukarane.
  • Sikkerheitsarbeidet har fått mindre merksemd dei siste par åra.
  • Ein grunnleggjande faktor som har vore viktig, er at behova til dei tilsette vart anerkjent
  • Blandinga av tiltak har vore gode, og treft NAV-kontora godt

— Vi har fått mange gode innspel og tilbakemeldingar som vi tek med oss vidare i forbetringsarbeidet, seier Lotte Ekornes, fagansvarleg for HMS-arbeidet i den statlige delen hjå NAV.

Ekornes fortel at dei i fleire år har arbeidd systematisk med tiltak som skal trygge medarbeidarane på NAV-kontora.

— Det har skapa interesse hos andre etatar som ynskjer å lære hjå oss. Mellom anna fekk vi ein førespurnad frå Bufetat, som ynskja råd og innspel til korleis barnevernet kan arbeide med handtering av sjikane, truslar og vald.

Rapporten «Arbeidet mot vold og trusler i NAV i perioden 2014–2018. En gjennomgang» vert finansiert med FoU-midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, og ligg på nav.no.

Sjå òg nav.no-sidene Sikkerhet i NAV, med rutinar, råd og rettleiing til NAV-tilsette.

Du kan lese meir om rapporten på nav.no.

 

13.12.18


FacebookTwitterLinkedInEmail