https://memu.no/wp-content/uploads/2018/12/anskaffelsesseksjonens-miljøpris-beskjært.jpg

NAV vann miljøpris

Arbeids- og velferdsetaten har, saman med Ålesund kommune, fått prisen som beste innkjøpar i 2018. Prisen blir delt ut kvart år av Miljømerking, som òg deler ut svanemerke til verksemder eller organisasjonar som vektlegg berekraftig produksjon og forbruk.

Arbeids- og velferdsetaten har fått prisen fordi vi nyttar miljømerking som verktøy når vi kjøper inn nye tenester og produkt. I tillegg måler vi miljøfaktorar for å redusere den samla miljøbelastinga, og gir dei eigedomsansvarlege opplæring om miljøkrav og korleis vi kan bli meir effektive når det gjeld kva varer og produkt vi går til innkjøp av.

Miljø er ein del av forskrifta for innkjøp frå 2017, samt eit av satsingsområda i den nye innkjøpsstrategien til NAV.

 

PÅ BILETE: Gunda Djupvik, seniorrådgjevar på anskaffingar, Hege Brinchmann, leiar av seksjon for anskaffingar og Elin Furuheim, rådgjevar på anskaffingar i Arbeids- og velferdsetaten tok imot prisen (FOTO: Jan Erik Stokke, Svanemerket).


FacebookTwitterLinkedInEmail