Dei siste åra har foreldrepengeområdet blitt stadig meir digitalisert. No er òg søknaden om svangerskapspengar klar i digital utgåve.

- Gravide i dag forventar moderne løysingar. Med ein ny digital søknad møter vi deira forventningar også for svangerskapspengar, seier produkteiar Sigrid Grønland Hoel i Foreldrepengeprosjektet.

Spørsmåla i søknaden er tilpassa situasjonen til søkjaren, og undervegs vert det gitt rettleiing og informasjon.

Søkjaren må framleis leggje ved papirskjemaet om tilrettelegging (som Arbeidstilsynet eig), men no kan ein laste det opp og leggje det inn i den digitale søknaden.

Sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar kan òg søkje digitalt, men dei må laste opp eit eige skjema som ligg på nav.no.

Kven kan få svangerskapspengar?

Svangerskapspengar er ei av dei mindre kjende ytingane hjå NAV, og vert gitt til friske gravide som har ein jobb legen eller jordmor meiner kan utgjere ein risiko for barnet.

Desse tre krava må vere oppfylt:

  • Jobben kan føre til skade på det ufødde barnet viss den gravide held fram i jobben, og det er ikkje mogleg for arbeidsgjevar å legge til rette for anna arbeid i staden
  • Søkjaren har vore i arbeid i minst fire veker
  • Søkjaren må ha ei inntekt på minst 49 929 kroner (halvparten av grunnbeløpet i folketrygda)

Arbeidssituasjonar som kan utgjere ein risiko for barnet er arbeid med kjemiske stoff, fysisk krevjande arbeid og arbeid med stressbelastning eller psykososiale forhold. Det er mogleg å kombinere delvis arbeid med delvis svangerskapspengar.

Du finn meir informasjon om svangerskapspengar og søknaden på nav.no.

 

24.5.19