https://memu.no/wp-content/uploads/2018/09/Digital-sykemelding_03.gif

No kan frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande søkje om sjukepengar digitalt.

Fram til no har frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande måtte søkje om sjukepengar ved å bruke del D av sjukmeldinga på papir. No kan dei bruke heile kjeda i den digitale sjukmeldinga og søkje om sjukepengar frå «Ditt sykefravær» på nav.no.

Sjukepengesøknaden for arbeidsledige og for dei som har sjukmeldingar som gjeld behandlingsdagar eller reisetilskot er framleis ikkje digitalisert. Framover skal mellom anna leiarverktøy til oppfylging av sjukmelde bli vidareutvikla.

Les meir om digital sjukmelding.


FacebookTwitterLinkedInEmail