https://memu.no/wp-content/uploads/2019/02/Asset-7cv-tjeneste.png

Ny CV-teneste skal gi betre jobbmatch

I februar lanserte NAV ei betre CV-teneste og ein ny jobbprofil på nav.no. Det kan gjere kvardagen enklare for både arbeidssøkjarar, arbeidsgjevarar og NAV.

CV-tenesta gjer det enklare for arbeidsgjevarar å finne nye medarbeidarar, medan arbeidssøkjarar kan leggje inn ønske for neste jobb i «jobbprofilen».

– Den gamle CV-tenesta var lite brukarvenleg og teknisk utdatert. No er tenesta kombinert med jobbprofilen og tilpassa ein moderne arbeidsmarknad, seier prosjektleiar Gunn-Elin Åsgren i Plattform for arbeidsmarknaden (PAM) i NAV.

Innlogging til CV-tenesta skjer via ID-porten, noko som gjer at blant anna personalia er ferdig utfylt. I tillegg har vi lagt til eit fritekstfelt som gjer det enklare å beskrive kva kompetanse ein har når det kjem til arbeid og utdanning.

– Arbeidssøkjarane kan enkelt hente fram utdanning og tidlegare arbeidserfaring frå Vitnemålportalen og Arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret, seier Åsgren

Med ein meir brukarvenleg CV blir arbeidssøkjarar meir sjølvhjelpne, og det gjer at dei tilsette i NAV kan bruke meir tid på dei som treng personleg hjelp og rettleiing.

– Kvaliteten i CV-databasen vår blir òg betre. Det blir lettare for både arbeidsgjevarar og oss i NAV å finne relevante kandidatar til utlyste stillingar. Den nye CV-tenesta og jobbprofilen vil i tillegg gi oss betre statistikk, som vil vere med på å gi oss meir kunnskap om arbeidsmarknaden, seier Åsgren.

Les meir om den nye CV-tenesta på nav.no.


FacebookTwitterLinkedInEmail