https://memu.no/wp-content/uploads/2019/10/Chat-Sosiale-tenester.png

For om lag ein månad sidan opna NAV ein chat for dei som har spørsmål knytt til sosiale tenester frå NAV. Så langt har 2350 personar nytta tilbodet.

Kvar dag svarer 40 rettleiarar i Leikanger og Molde på om lag 150 spørsmål på chat. Dei som skriv til NAV lurer stort sett på om og korleis ein kan søkje om økonomisk sosialhjelp, eller korleis det fungerer å kombinere sosialhjelp med andre ytingar. Rettleiarane informerer alltid om andre moglegheiter, og tipsar gjerne om jobbsøk og å registrere seg som arbeidssøkjar. I dei tilfella rettleiarane ikkje kan svare på chat viser dei vidare til rett kanal eller NAV-eining.

Også utleigarar nyttar chat for å få informasjon frå NAV, til dømes om depositum-garanti frå NAV.

Ein kan ikkje logge inn for å chatte, brukarane er difor anonyme og får berre generell informasjon og rettleiing når dei nyttar tenesta.

– Erfaringa så langt er at brukarane er nøgde med å nå NAV i ein ny kanal, og at dei set pris på at dei kan velje å få tilsendt kopi av samtalen på e-post, fortel Vibeke Johnsen, avdelingsdirektør og leiar for NAV Kontaktsenter Nord-Vestlandet.

Nyttig for dei som ikkje kan norsk eller engelsk

 – Vi svarer på norsk og engelsk, og vi ser at fleire av dei som kontaktar oss, har nytta elektronisk omsetjingshjelp. I mange av telefonsamtalene om sosiale tenester er språk ei utfordring, og chat kan vere eit godt alternativ for mange av dei som ikkje snakkar eller skriv norsk eller engelsk, seier Vibeke Johnsen.


FacebookTwitterLinkedInEmail