Rekord for NAVs stillingsportal

I 1. kvartal i år var 46 prosent av dei ledige stillingane i den norske arbeidsmarknaden tilgjengelege på nav.no. Det er ein auke på nesten 10 prosent samanlikna med 1. kvartal 2017.

Talet på nye utlysingar i NAVs stillingsportal har auka etter at det frå i fjor sommar er inngått samarbeid med andre aktørar i marknaden, og fordi NAV har forbetra metodane for å innhente ledige stillingar.

Det siste året har i gjennomsnitt 31 prosent av dei ledige stillingane vore tilgjengelege på nav.no. Samanlikna med dei to siste åra er det ein auke på 4 prosentpoeng.

Delen ledige stillingar blir berekna ved å samanlikne talet på stillingar i stillingsportalen på nav.no med SSBs måling av talet på ledige stillingar. SSB reknar ei stilling som ledig frå behovet for arbeidskraft er kommunisert eksternt, anten munnleg eller skriftleg, og fram til nokon er tilsett i stillinga. Ein stillingsbase vil difor aldri kunne registrere 100 prosent av dei ledige stillingane.


FacebookTwitterLinkedInEmail