https://memu.no/wp-content/uploads/2021/10/Bilde-av-Jonas-Eng-NAV-Video-og-webinar.png

NAV har store ambisjonar om å bli ein leiande offentleg aktør innan video og webinar.

Profilbilde av Merete Brekke, avdelingsleiar i NAV
Merete Brekke, avdelingsleiar i NAV.

Mange personar føretrekk visuell kommunikasjon, der informasjonen dei treng blir presentert via lyd og bilete. NAV byggjer no opp eit produksjonsmiljø som skal hjelpe alle einingar i NAV med å lage video og profesjonelle webinar. Produksjonsmiljøet er samla i eit team hjå NAV Kontaktsenter.

– Vi har sett at korte informasjonsfilmar om regelverk og kva ein må gjere når ein registrerer seg har vore nyttig, spesielt for dei som er i kontakt med NAV for fyrste gong, seier avdelingsleiar Merete Brekke.

Jonas Eng, på hovudbilete i saka, er medlem i teamet som skal produsere filmar som skal gjere det enklare for målgruppa å forstå innhaldet.

– Vi skal òg vere ein nyttig ressurs og rådgivingsteneste til andre tilsette i NAV som vil produsere filmar og webinar for sine brukarar, seier han.

Rutinar og retningslinjer

Teamet har laga rutinar og retningslinjer for korleis ein skal prioritere og gjennomføre produksjonar. Bilete under viser korleis ein arbeidsflyt kan sjå ut.

illustrasjon av arbeidslflyten i ein produksjon

– Vi har òg gode rutinar for kvalitetssikring og samhandling med dei som eig innhaldet som skal produserast, fortel avdelingsleiar Merete Brekke.

Film i staden for tekst

Informasjonsfilmane skal distribuerast der det er aktuelt, til dømes i chat, sosiale medium eller på nettsida nav.no. Av filmane dei har laga fram til no ser dei at det er spesielt viktig med ein god plassering på nav.no for å nå ut til brukarane.

– Det er viktig for oss at dei som ynskjer informasjon i andre former enn tekst, kan få informasjon om til dømes regelverk på andre måtar, utan at dei må ta kontakt med oss, seier Brekke.

Webinar i staden for oppmøte

Gjennom webinar kan einingane i NAV invitere personbrukarar og arbeidsgivarar til digitalt møte. Produksjonsmiljøet i NKS syter for at sendingane kjem «på lufta», og når ut til brukarane.

– Det er viktig for NAV å kunne tilby webinar som eit supplement til fysisk oppmøte. Dette er spesielt viktig for målgrupper som ikkje kan møte opp fysisk grunna helsesituasjon eller lang geografiske avstand, og særleg når NAV skal nå ut med fersk informasjon som til døme direktemelde stillingar, seier Merete Brekke.

Foto: NAV

6.10.2021


FacebookTwitterLinkedInEmail