https://memu.no/wp-content/uploads/2018/10/anna-på-restauranten.png

Sølv til «En dag med Anna»

Filmen «En dag med Anna» vann sølv under Cannes Corporate Media & TV Awards. Filmen er bestilt av NAV Hjelpemidler og tilrettelegging og skal gje deg innblikk i korleis det er å leve som døvblind.

Festivalen blei arrangert 27. september og det var ein jury som valde ut vinnerane. Filmen om Anna vann i kategorien Fundraising, Non-profit, CSR

Filmen er ein del av e-læringa «Å samhandle med personer med døvblindhet», som skal gje deg innblikk i korleis det er å leve som døvblind. Eit kombinert tap av syn og hørsle er variert og samansett, men det er ikkje så mykje som skal til for å gjere kvardagen til ein som er døvblind litt betre.

Det var det svenske byrået Filmic Art, i samarbeid med reklamefirmaet Siste skrik, som har laga filmen.


FacebookTwitterLinkedInEmail