https://memu.no/wp-content/uploads/2019/03/Asset-1@4x-utbetalingsmeldinger.png

Sparar miljøet for 20 millionar brev årleg

I 2015 sende NAV ut om lag 22 millionar brev med utbetalingsmeldingar årleg. I 2018 var talet redusert til 2 millionar.

Dei siste åra har NAV jobba med å redusere mengda papirutsendingar. I 2107 hadde utbetalingsmeldingane vorte digitale for dei fleste som fekk utbetalingar frå NAV, med unntak av dei som fekk utbetalingar i ein kortare periode . I 2018 vart òg desse utbetalingsmeldingane digitale.

Dei einaste som framleis får utbetalingsmeldingar på papir er sjukepengemottakarar som ikkje har bedt om å få dei digitalt, samt pensjonistar og mottakarar av uføretrygd, som har reservert seg i kontakt- og reservasjonsregisteret.

Utbetalingsmeldingane ligg i «Ditt NAV». Dei som har Digipost eller e-Boks vil òg få meldingane om sjukepengar der.

Sparar 100 millionar kroner i porto

I tillegg vert no to av tre årsoppgåver sende ut digitalt til alle som har fått pengar frå NAV det siste året.

Det betyr at NAV sparar miljøet for om lag 20 millionar brev årleg, noko som utgjer omkring 100 millionar kroner i porto- og utskriftskostnadar.

8 av 9 pensjonistar vel digital utbetalingsmelding

I 2017 vart utbetalingsmeldingane til pensjonistar og mottakarar av uføretrygd digitale. På bakgrunn av reaksjonar frå pensjonistar vedtok Stortinget at dei som ynskja det, skulle få tilbake papirmeldinga frå juli 2018.

Innan utgangen av 2018 vart utbetalingsmeldingar sendt på papir til 149 200 pensjonistar og mottakarar av uføretrygd, medan over ein million pensjonistar får utbetalingsmeldinga digitalt.


FacebookTwitterLinkedInEmail