https://memu.no/wp-content/uploads/2019/10/ROB-e1571838956248.png

T-ROB syter for lik handsaming av tiltakspengar

 

For snart to år sidan starta NAV-roboten T-ROB å handsame elektroniske søknadar for tiltakspengar og barnetillegg for søkjarar i Oslo. Litt seinare blei Viken kopla på, og etter kvart også andre fylke.

Frå og med september 2020 starta T-ROB å handsame søknader for alle fylka. Dermed blir alle søknader handsama likt, i tillegg går saksbehandlinga raskare og effektiviteten har auka.

Bak roboten står eit tverrfagleg NAV-team frå mange fagfelt og ulike avdelingar og fylke. Teamet har jobba lenge for at han no er i stand til å jobbe godt frå morgon til kveld, 365 dagar i året. Førebels får han berre lov til å handsame søknadar om tiltakspengar, men opplæringa går fort, og snart vil han truleg også kunne handsame vedtak om stans og forlengingar.

Roboten fekk opphavleg namnet ROB3087 da han så dagens lys i Oslo, og fylka har gjeve han lokale namn når dei har tatt han i bruk. Du kan lese meir om roboten i saka ROB0287 er NAV Øst-Vikens nye kollega

(Illustrasjonen av T-ROB er laga av Mariella Vanessa Pozo Roman)

23.10.20


FacebookTwitterLinkedInEmail