NAV Økonomi pensjon i Harstad vann IA-prisen for Sør-Troms 2018. Det er tredje gongen dei er nominerte.
Grunngjevinga for prisen er blant anna eininga sitt kontinuerlege og systematiske arbeide med å engasjere og motivere dei tilsette til å skape ein førebyggjande og inkluderande kultur.
I tillegg får NAV Økonomi pensjon skryt for at dei:
- har forankra HMS og IA-arbeidet er godt i samarbeidet mellom partane
- gjennomfører både fysiske og sosiale aktivitetar for å førebyggje sjukefråvær
- har stabilt lågt sjukefråvær
- har tidleg og tett oppfølging av sjukmelde, òg av dei som har gått ut sjukepengeperioden
- har lukkas med å inkludera arbeidstakarar med langvarige helseplager
- framstår som eit IA-fyrtårn
Les meir om arbeidsmiljøet til NAV Økonomi pensjon: Disse NAV-ansatte har så godt arbeidsmiljø at de forskes på