https://memu.no/wp-content/uploads/2018/10/Asset-5tastatur.png

Vi fornyar CV- og stillingstenestene våre

31. oktober slår vi av den gamle stillingsregistreringa og kandidatsøket for arbeidsgjevarar.

Sidan juli har arbeidsgjevarar kunne bruke den nye, sjølvbetente stillingsregistreringa og kandidatsøket, parallelt med dei gamle tenestene. Dei nye tenestene er både meir intuitive og brukarvenlege.

For å bruke dei nye tenestene må arbeidsgjevarar logge seg inn via ID-porten med til dømes MinID, BankID eller BankID på mobil. Frå 1. november vil det ikkje vere mogleg for arbeidsgjevarar å logge inn med brukarnamn og passord.

Dei nye løysingane gjer at arbeidsgjevarar, arbeidssøkjarar og andre marknadsaktørar får betre oversikt i arbeidsmarknaden, og det vil bli enklare for arbeidsgjevarar å finne kompetansen dei treng.

Arbeidssøkjarar har allereie tilgang til eit nytt og forbetra stillingssøk, medan det mellom anna blir jobba med å gje medarbeidarar i NAV eit betre verktøy for å støtte arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar i rekrutteringsprosessen.

Les meir om dei nye rekrutteringstenestene på nav.no.


FacebookTwitterLinkedInEmail