
12 100
I uke 46 fekk NAV 12 100 nye søknadar om dagpengar. Det er det høgste nivået sidan slutten av april.

500 000
arbeidstakarar har fått dagpengar, forskot eller lønskompensasjon under koronakrisa per 14. september 2020.

462 400
Tal på søknader om dagpengar per 6. mai 2020. Til samanlikning var det 160 500 i heile 2019

4,3 mill.
I 2019 svara NAVs førstelinje på 4,3 millioner førespurnadar på telefon. I 2018 var talet 4,6 millioner.

300 000
I september 2919 fekk 300 000 personar arbeidsretta oppfølging frå NAV. Av desse er 1 av 5 under 30 år.

1 min. 31 sek.
Gjennomsnittleg ventetid for personbrukarar som ringde NAV har minka jamt frå 4 min 8 sek. i januar, til 1 min. 31 sek. i august 2019.

54 %
av brukarane svarer at dei har sendt eller fått brev frå NAV det siste halvåret, ifølgje personbrukarundersøkjinga 2018. Prosentdelen har gått ned frå 65 % i 2016.

67 mill.
I 2018 hadde nav.no 67 millionar besøk. Det er 5 millionar meir enn i 2017.

456 000
456 200 personar fekk uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar ved slutten av 2018. Frå 2010 har talet på uføretrygda auka, medan talet på AAP-mottakarar har minka.

724 000
I 2018 tok NAV imot 724 000 digitale søknader. I 2015 var tilsvarande tal 213 000.

7,2 mrd
I 2018 utbetalte NAV 7,2 milliardar kroner til personar busett i utlandet. Av dette blei 4,4 mrd utbetalt til alderspensjonistar.

514 mrd
I 2018 utbetalte NAV 514 milliardar kroner, 8,1 mrd. meir enn året før. Utgiftsveksten gjeld i hovudsak pensjon og uføretrygd.

67 mill.
nav.no hadde 67 millionar besøk i 2018. Det er ei auking på 8 % frå 2017.

10+2
Frå 1.1.2019 består NAV av ti fylke og to regionar

11.162
Ved utgangen av september 2018 var det 11.162 mottakarar av kontantstøtte. Det er om lag ti prosent færre enn i september 2016.
8 av 10 mottakarar er kvinner.

40 mrd
Kvar månad betaler NAV ut til saman 40 milliardar kroner til 2 millionar personar.

32.677
I september 2018 er det nesten 33.000 personar som følgjer NAV på LinkedIn. Det er 8.000 fleire enn for eitt år sidan. Kvar tredje av dei er tilsett i NAV.

7,1 mrd
I 2017 utbetalte NAV 7,1 milliardar kroner til personar busett i utlandet. Over halvparten blei utbetalt til alderspensjonistar.

4,4
På ein skala frå 1-6 får NAV 4,4 på brukaranes tilfredsheit med servicen i 2018. Det er same skår som i fjor.

5 min. 37 sek.
Gjennomsnittleg ventetid for dei som ringde NAV i mai 2018. Det er 1 min. og 20 sek. kortare enn i april.

– 11,3 %
I 1. kvartal 2018 har sjukefråværet minka med 11,3 prosent samanlikna med 2. kvartal 2001. Målet i IA-avtalen er 20 prosent.

16 700
I mars 2018 var det 16 671 mottakarar av kontantstøtte, 16 % færre enn i mars 2016. 77 % av mottakarane er kvinner.

506 mrd.
I 2017 utbetalte NAV 506 milliardar kroner, 13 mrd. meir enn året før. Utgiftsveksten gjeld i hovudsak pensjon og uføretrygd.

86 %
86 % av alle meldingar frå NAV til politiet om trygdesvindel fører til straff.

886 000
I fjor svara NAV 885 937 spørsmål i digitale kanalar. Det er over 50 prosent fleire enn i 2016.

951
Pressevakta i NAV sentralt handterte 951 førespurnadar frå media i 2017. Det er 200 færre enn i 2016.

3,45 mill
I fjor behandla NAV 3.454.167 saker.

31,4 mill.
I 2017 var det 31,4 millionar som logga seg inn på Ditt NAV. Det er over tretti prosent fleire enn i 2016.

28 %
Gjennomsnittspensjonen for menn i 2017 var 262 500 kr. Det er 28 % høgare enn gjennomsnittet for kvinner (204 400 kr).

46 000
I 2017 utførte NAV 46 419 tolkeoppdrag for personar med nedsett hørsel. Det svarar til 92,5 % av dei bestilte oppdraga.

87 %
Delen av digitale søknader om foreldrepengar har auka frå 50 % i 2015 til 87 % i 2017.

1 mill.
Ved utgangen av 2017 var det lånt ut 1.024.352 hjelpemiddel til ein samla verdi av 3 milliardar kroner.

5 mill.
NAV svara 5 003 351 telefonsamtalar i 2017.

62 mill.
nav.no hadde 62 millionar besøk i 2017. Halvparten brukte mobil eller nettbrett.